Sv: Avel på kallblodstravare?
Hei!
Litt om Isvind og kvifor han står med 0. premie.
I Norge kan ikkje hingstane få vanleg premiegrad som 3-åringar.
Då kan dei berre få graden "Kåra".
Så må dei møte igjen som 4-års eller 5-års, og avlegge "utvida bruksprøve". Dei skal då stå på teststasjon i nokre veker, og testast i riding, køyring osv. Testen vert avslutta med ein prøve, og så får hingstane karakterar for testperioden og for den avsluttande prøva.
Dei må også visast (mønstrast) på nytt på utstilling.
Då kan dei få 2. premie eller 3. premie. Men det er også ein god del hestar som ikkje greier testen, eller går ut på utstillinga som 4- eller 5-åringar.
Desse hestane blir "avkåra" (dei mister kåringsgraden). Og så vert dei ståande med 0. premie i stamboka. Eit veldig dumt system, som mange av oss nordmenn har reagert på. Det høyres dumt ut når ein hest som aldri har fått premie står med samme premiegrad som ein som har vore kåra, og som seinare har mista graden.
Når det gjelder Isvind, så måtte eg spørre ei jente som eg tidlegare har vore hestelærar for. Ho og familien driver med oppdrett av dølehest, og har greie på alt som har med døleavl å gjere.
Svaret eg fekk var at Isvind gjekk ut på testen (utvida bruksprøve) som 4års. Grunnen var at han ikkje var heilt stabil i gemyttet. Han hadde visst nok sprunget ut fleire gongar før, og på testen tålte han ikkje tømmerdoninga. (Hesten skal dra tømmerstokkar).
Så fordi at testen ikkje vart godkjent vart han avkåra....